Hopp til hovudinnhald

Konsert | Camilla Granlien

NB! Arrangementet har funne stad
Ullinsvin, Vågå
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
07. juli 2026
19.00 – 20.30

Sommaren 2026 skal Camilla Granlien på ein soloturné til utvalde, akustisk egna rom med sterk historisk og kulturell forankring, og ein av stoppestadene er Galleri Ullinsvin i Vågå.

Camilla Granlien er folkesongar med fordjuping i sangtradisjonane frå Gudbrandsdalen og Hedmarken. Hun forvaltar eit stort tradisjonsrepertoar. Hovudvekta av materialet blir framført a cappella, men på enkelte nummer vil Granlien akkompagnere seg sjølv med kontrabass, gitar, ukulele, kalimba eller hapidrum.

Camilla Granlien er ein erfaren og prislønna utøvar, kjend for sterke formidling, tydeleg tekstbehandling og nær kontakt med publikum. Ho har vunne Landskappleiken i vokal klasse A tre gongar, og motteke Kongepokalen for songen sin.

Med over 20 år som frilans folkemusikar har hun opparbeida seg brei scenisk erfaring og god kjennskap til materialet ho formidlar. Som folkesongar legg Granlien stor vekt på historiene bak songane – tekstene, melodiane og kjeldene. Formidlinga er munnleg, personleg og forankra i tradisjon, samstundes som den er relevant for eit moderne publikum. 

Det vil bli sal av kaffe og bakst ifm. konserten. 

Stad: Ullinsvin, Vågå
Tid: 7. juli klokka 19.00
Pris: 380 kr / 230 kr 
Arrangør: Ullinsvin

Velkommen!

  • Camilla Granlien
    1/1
    Ingvil Skeie Ljones