Hopp til hovudinnhald

Konsert | Kjellbjørn Karsrud

Kjellbjørn Karsrud er ein ung og framstormande spelemann med stor låttekunnskap – og ein god penn.

NB! Arrangementet har funne stad
Bellestugu Lesja Bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
06. juli 2024
12.00 – 13.00

Til Lesja kjem han med eit arsenal av danseslåttar – alt framført på hardingfele.
Kjellbjørn Karsrud (f. 1986) er ein hardingfelespelemann frå Leira i Valdres som er busett i Lom. Sidan ungdomstida har han fordjupa seg i arkivmateriale frå Valdres, både med opptak og anna kjeldestoff. Dette har mellom anna resultert i boka Soga om spelemannen Ola G. Okshovd, som handlar om spelemannsmiljøet i Øystre Slidre i Valdres frå slutten av 1800-talet til etterkrigstida. 

Karsrud er frå og med hausten 2024 redaktør i bladet Folkemusikk.

Inngang: Gratis for alle som har løyst billett på Lesja bygdemuseum.

  • Kjellbjørn Karsrud
    1/1
    Thor Hauknes
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2