Vi har gleda av å invitere til ein eksklusiv akustisk konsert i Galleri Ullinsvin med Vågå si eiga Lina Haug.
22 år gamle Lina Haug tek turen heim til Vågå. Denne gongen med gitarist Jesper Risa Egge og pianist Sigurd Lie Søvold. Saman framfører dei Lina sin musikk i eit nedstrippa og intimt trioformat.
Dei har skreddarsydd ein konsert som tek publikum med gjennom Linas musikalske og lyriske univers – sjølvsagt på ekte Vågådialekt og med fokus på historieforteljing. Her kan du kan senke skuldrane, lytte og berre kose deg ein fin sommarkveld saman med trioen. Velkomen til ein nær og stemningsfull konsertoppleving omgjeve av den flotte kunstutstillinga til Ståle Blæsterdalen!
Sal av kaffe og bakst.
Førehandssal av billettar samt i døra.
Stad: Ullinsvin, Vågå
Tid: 26. juli klokka 19.00
Arrangør: Ullinsvin
Velkommen!