Mads Erik Odde er trekkspelar og spelemann frå Lom, i dag busett på Sel. Mads Erik har etablert seg som ein av dei fremste og mest finstemte musikarane i sin generasjon. Han har vunne gjeve prisar på både Landsfestivalen og Lands-kappleiken. I tillegg har han gjeve ut fleire plater.
Under Folkelarm i 2020 vann han to prisar – den eine for albumet Logne slåttar, den andre saman med Vegar Vårdal og Inge Gjevre, og i Vegar Vårdal for plata Husklugumt. Same året vann han Spellemannprisen for Logne slåttar. Saman med Gjevre og Vårdal vart han nominert til Folkelarm-prisen i 2023 for albumet Vandring. Mads Erik er barnebarnet til felespelaren Bjørn Odde.
Kvar: Øygarden, Sel sundag 19. juli klokka 13.00
Pris: 395 kroner
Klokka 12.00 same dag er det foredrag om bygningsarv med tidlegare riksantikvar og PST-sjef Jørn Holme. Også det på Øygarden. Sjå eige oppslag.
Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, Fortidsminneforeininga i Norddalen og Øygarden kulturgard
Velkommen!
- 1/1
Thor Hauknes