Hopp til hovudinnhald

Konsert | The Shackleton Trio

Dobbelkonsert med stjernetrioen frå East Anglia i England.

Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
14. sep. 2025
18.00 – 22.30
Kjøp billett

Fengjande låtskriving og brennande låtar som kombinerer mandolin, fele, gitar og banjo med kraftige trestemmige harmoniar. Den umiskjennelege lyden til The Shackleton Trio bringer historiene frå heimlandet East Anglia i England ut og gjennom musikken.

Trioen består av Georgia Shackleton (fele, vokal), Aaren Bennett (gitar) og Nic Zuppardi (mandolin og banjo). Bandet hentar inspirasjon frå britiske, amerikanske og skandinaviske folketradisjonar. Georgias teft til å hente ut ukjent materiale frå East Anglia, gjev bandet ei solid forankring i deira lokale tradisjon.

I 2025 feirar trioen 10 år og i det høve turnerer dei med eit nytt album. I løpet av tiåret har dei vore på BBC Radio 2, Radio 3 og Radio 4, BBC 6 Music, RTE 1, BBC Countryfile, dei har fått pressedekning med skinande ★★★★★ meldingar, ei framsyning på Cambridge Folk Festivals prestisjetunge hovudscene, ei rekke britiske og europeiske festivalar og internasjonale turnear, og mange mil på vegen.

Kvar: Jutulheimen, Vågå
Når: 14. september kl.18.00 og 20.30
Pris: 395 kroner 

  •  Shackleton Trio
    1/1
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2