Thom Hell har gjennom ei årrekke vore mellom dei mest populære og produktive artistane i Noreg. Som sangar, produsent og låtskrivar har Hell gitt ut tolv studioalbum, motteke tre Spellemannpriser, sjarmert heile Noreg i «Hver gang vi møtes» og vunne «Det store korslaget».
Thom Hell si plåte «Happy Rabbit» vart motteke med ståande ovasjoner av britisk presse. I 2019 ga Hell ut tre album og i 2022 ga han ut to, begge vart møtt med strålande kritikkar.
Thom Hell har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg og har gjennom åra vorte ein velkjend og godt likt artist. Ved sidan av eigne utgivingar har han medvirka på ei rekkje suksessfulle samarbeid, mellom anna med artister som Marit Larsen, Jonas Fjeld, Marion Ravn, Jonas Alaska, Marte Wulff og Larkin Poe.
Thom hentar mykje inspirasjon fra 60- og 70-talet, og ut frå denne forankringa har han jobba frem eit særegent og vellydande musikalsk uttrykk.Med sitt tolvte album, dobbeltalbumet «A Pleasant Life», feirer nå Thom Hell 20 år som artist! Med ferske utgivingar i bagasjen kjem han til trivelege Sundstugu i bygdetunet Jutulheimen i Vågå.
Denne kvelden opptrer Thom Hell i duoformat der han har med seg Ronny Yttrehus på gitar.
Inngang: 395,-
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Jutulheimen.
PS! Thom Hell speler dobbeltkonsert denne kvelden. Billettar til konserten med oppstart 20:30 finn du her: yttrehuslive.hoopla.no/event/jutulheimenkl2030