Saman har dei bidrege til eit løft for langeleikmusikken i Noreg dei siste 20 åra. Dei er båe knytt til ei rekkje tradisjonsliner, mellom andre Ola Brenno (1865–1957) og Olav Snortheim (1911–1988). Dei viktigaste læremeistrane har vore Oddrun og Gunvor Hegge, og Bergljot Hedda Lunde.
Brørne har vunne klassen for langeleik på Landskappleiken til saman 10 gonger. I 2006 fekk Knut kongepokalen under Landskappleiken på Beitostølen. Ole fekk kongepokalen i 2014 under Landskappleiken på Geilo. Dei har medverka på fleire plateinnspelingar; Snart lyset sig mon svinge (2006) og I jolo (1998). I 2015 kom dei ut med fyrste plata si, Til Ragna, som vart nominert til Spellemannprisen året etter.
Ole arbeidar til dagleg som direktør for Valdresmusea, Knut som avdelingsleiar i Gudbrandsdalsmusea.
Inngang: Gratis for alle som har løyst billett til Lesja bygdemuseum.