Øystein Rudi frå Hundorp og Geir Marius Thorud på Nord-Sel er spelemenn med lang fartstid og høgt nivå. Saman og kvar for seg held dei ei rekke konsertar, dei spelar til dans, gjer innspelingar og driv med opplæring.
Tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen er kjernerepertoar, og med spelemannsvenner i inn- og utland kjem nytt repertoar stadig til. Vandringane til tradisjonsmusikken har vore spennande til alle tider!
Inngang: Gratis for alle som har løyst billett på Lesja bygdemuseum.