Tom Willy Rustad arbeider som arkivar på Folkemusikkarkivet i Ringebu ved Gudbrandsdalsmusea. Han spelar toradar, munnharpe, seljefløyte og sister. Tom Willy er ein av dei aller fremste folkemusikarane i landet dag. Han er særleg kjend for å revitalisere og utforske moglegheitene i tradisjonsmusikken. Han har vunne landskappleiken i klassa for eldre folkemusikkinstrument i både 2013, 2014 og 2016.
På konserten på Lesja bygdemuseum får du blant anna høyre gamle huldreslåttar og korleis ein vekker hoggormen ut av vinterdvale.
Konserten er på og i samarbeid med Kafeen i Lesja sentrum. Sal av drikke og enkel mat.
Inngang: Gratis for alle!