For 200 år sidan reiste skipet Restauration frå Stavanger til New York med 52 norske emigrantar om bord. Det var starten på den største folkevandringa i Noregs historie.
Denne festkvelden kan du sjå og høyre
Emigrantviser
Country Queens har komponert songar inspirert av utvandringa
Tom Willy Rustad fortel om musikken til og frå Amerika
Opplesing frå amerikabrev
Gamle lydopptak
Film om Jørgine Boomer
Utstilling med amerikabilete
Gjenstandar
– og vi ser på utvandringa til Amerika opp mot innvandringa til Noreg i dag.
Knut Aastad Bråten
I perioda 1825 til 1920 emigrerte over 800.000 nordmenn til Amerika.
Eit lands utvandrar er eit anna lands innvandrar, da som nå. Sult, fattigdom, krig, trosfriheit, ytringsfriheit – årsakane er mange, og vi kjenner dei igjen i dagens samfunn.
Stad | Ullinsvin, Vågå
Dato | 26.oktober
Kl. | 19.00
Pris | Ordinær kr. 350, honnør/ungdom (13-18år) kr. 290kr.
Det blir sal av kaffe og biteti
Velkomne til ein norsk-amerikansk festaften i Ullinsvin!
Måndag 27.oktober blir det skuleframsyning i Vågå kulturhus.
Arr: Gudbrandsdalsmusea, Ullinsvin, Vågå historielag og Vågå kommune
Arrangementet er ein del av Crossings200, og vi takkar Innlandet fylkeskommune for støtte.
- 1/1