Utstillinga er ei unik minnesamling om desse hendingane, krig, okkupasjon og forsvar i Gudbrandsdalen.
I utstillinga er det gjenstandar, bilete og kart som viser kva som hende dei dramatiske aprildagane. Møt motstandskvinna «Kess», som blei fange nummer 9149 på Grini, og sjå miniatyrtinga ho laga under fangenskapet. I utstillinga finn du mykje sjeldsynt og originalt utstyr frå soldatane på båe sider av konflikten.
Okkupasjonen av Noreg frå 9. april 1940 var starten på ein periode med store endringar for nasjonen, samfunnet og for folk flest, hendingar og endringar som var med på å forme kven vi er i dag.
Framleis er det krig i Europa og i nærområda våre. Dei brutale hendingane i Ukraina og på Gaza går inn på oss alle og set oss i berøring med eigne erfaringar og forteljingar om krig og okkupasjon. Nettopp difor er historiene frå krigsdagane her heime ein viktig inngang til meir innsikt og kunnskap.
Ved sida av utstillinga finn du fredsparken med minnestein over falne under den andre verdskrigen.
Omvising etter avtale.