Det murrar svakt frå fjøset. Kyrne kjem seg på beina og helsar meg med mjuke, håpefulle raut.
Skylje mjølkeanlegg, tappe vaskevatn til jurklutar, opne grinder. Hender i varmt vaskevatn fører klut over stramt, mjølkefylt jur, sjekkar at alt er som det skal.
Ei etter ei passerer kyrne gjennom mjølkestasjonen og attende i lausdrifta der dei nøgde stikk hovuda gjennom etefrontane og finn friskt rundballefôr.
Dyra er stelte, mette og nøgde. No er det min tur. No kan eg ete.
I den nye utstillinga Gardslykke blir vi nærmare kjende med kua som ressurs og menneskeven. Landbruket og ikkje minst mjølkeproduksjonen står framleis sterkt i Gudbrandsdalen. Difor er landbruket og kua viktige i formidlinga – både som fenomen og som kulturelt uttrykk.