Kva: Kulturkveld om Pål Kluften
Kvar: Ruste bygdahus
Når: Torsdag 19. mars klokka 19.00
Inngang: 150 kroner
Pål Kluften (1888–1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, komponist, journalist, målmann og arbeidarpartipolitikar. Han var blant dei framståande kulturpersonlegdommane som arbeidde for målsak i arbeidarrørsla og i Gudbrandsdalen.
Pål Kluften var fødd og vaks opp i Ruste i Nord-Fron i fattige kår. Det aller meste av det yrkesaktive livet levde han i Ringebu. Frå tidleg i livet skreiv han ned og samla tradisjonsmusikk. For dette fekk han i 1919 statsstipend. Han spela også mykje tradisjonsmusikk, men komponerte i tillegg og skreiv tekster til songar og marsjar som han laga melodiane til. Som frilansar laga Pål Kluften reportasjar og skreiv ei stor mengd artiklar i aviser og blad. Det finst og ei stor samling fotografi etter Pål Kluften. Han tok i si tid initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, som i dag kallast Kulturfestivalen Peer Gynt.
Torsdag 19. mars klokka 19 inviterer Fron mållag til kulturkveld i Ruste bygdahus, der Pål Kluften sitt liv og virke vil bli dokumentert. Det blir musikk ved Mukampen spelemannslag, og Øystein Rudi, Geir Thorud og Tom Willy Rustad, i tillegg til gammalt opptak av Pål Kluften sitt eige spel. Arne Åsmundstad vil fortelja om Kluften sin oppvekst i Ruste og slekta i Nord-Fron. Og Rasmus Stauri vil kåsere om Kluften sin store kulturinnsats, iblanda musikalske innslag. Det blir også allsong. Nokre av Pål Kluften sine foto blir stilt ut. Det blir utlodding, boksal og servering av kaffi og biteti.
Velkommen!
Arrangør: Fron mållag