Prosjektet Villreinarven inviterer til inspirerande fagdag på Vianvang i Vågå 2. desember med tema om rein og utnytting av heile dyret. Under kyndig rettleiing av Arne Brimi og kjøkkensjef Sindre Ruste får deltakarane utforske moglegheitene som ligg i heile reinslaktet, med fokus på råvarekunnskap, mattradisjonar og verdiskaping.
Dato: 2. desember
Stad: Vianvang, Krosstjønnvegen 40 i Vågå
Tid: kl. 10.00-16.00
Instruktørar: Arne Brimi og kjøkkensjef Sindre Ruste
Tema: Korleis utnytte heile slaktet av rein
Pris per deltakar: 800 kroner
Maks tal deltakarar: 25 stykk
Anna: Ta med innesko, noko å skrive med og på og ein haug med spørsmål!
Påmelding til: anne@nordveggen.no
Dagen byr òg på møte med Jørn Slettom frå Vågå tamreinlag, som deler historier frå livet med reinen og fortel om kvalitetane ved kjøtet og korleis næringsaktørar kan få tilgang til råvara. Det skjer mellom klokka 12.00 og 12.30.
Vel møtt!
Arrangør: Villreinarven
- 1/2
Svein Brimi - 2/2
Per Jordhøy