Hopp til hovudinnhald

Kurs | Hogst og framkøyring med hest

Vil du lære å forvalte skogen på nye måtar – med bruk av hest?

Lom Gudbrandsdalsmusea
06. – 07. mars 2026

Velkommen til inspirasjonsdag i skogen. Gudbrandsdalsmusea og skogsatsingsprosjektet i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen arrangerer kurs over to dagar i tynning og framkøyring med hest.

Dag 1 vil ha hovudfokus på det skogfaglege og korleis ein skal legge opp hogsten med tanke på framkøyring med hest. Relevante problemstillingar blir: Når bør du tynne skogen? Kor hardt bør du tynne? Vi snakkar om planlegging av stikkvegar og hogstopplegg, treslagsval og skogskjøtsel for framtidig klima. Motorsagkunnskap er ikkje nødvendig.

Dag 2 er om tømmerkøyring med hest. Du lærer om tilpassing av sele og om utstyr for framkøyring med hest. Inntil seks deltakarar kan stille med hest på dag to.

Når: Fredag 6. og laurdag 7. mars 2026
For kven: Unge og vaksne – men maks 12 stykk. Fyrstemann til mølla!
Kurshaldar: Jo Kåre Bakke
Kvar: Lom. Nøyaktig adresse kjem seinare
Pris: 800 kroner – inkluderer enkel lunsj
Påmelding: post@gudbrandsdalsmusea.no

Vel møtt!

Kurset er ein del av prosjektet SPOR / TRE – eit djupdykk ned og inn i bygningsarven i Gudbrandsdalen. Målet er å løfte medvitet om bygningsarv som ressurs og kjelde – til vidare inspirasjon. Vi ynskjer å gje rom for auka refleksjon og styrka kompetanse om bygningskultur og bygningsarv, ikkje minst som drivkraft for ein lokal identitet og tilhøyr.

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og skogsatsdingsprosjektet i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen

  • Med hest i skogen
    1/2
    Jo Kåre Bakke
  • Med hest i skogen
    2/2
    Jo Kåre Bakke