Gardsbesøket er ein del av museet si satsing på bygingsvern og bygningskultur, og blir til med økonomisk støtte frå Innlandet fylkeskommune
Med dagen ynskjer vi å auke kunnskapen om bygningskultur generelt, og kva som må til for å kome i gang med vern og istandsetting av eldre bygningsmasse.
Gardsbesøket blir til på Øygarden i Sel kommune. Øygarden er først nemnt i 1576, og vart freda av Riksantikvaren alt i 1923. Inntunet er av dei meir spesielle i dalen, omkransa av åtte laftehus med svalgangar. Eigarar i dag er Freddy Bagge og Christine Bugjerde. Under arrangementet får du eit nytt og spennande blikk på garden som ressurs, utfordringar, potensiale og moglegheiter.
Program:
Kl. 10.00 Vel møtt og omvising på Øygarden
Kl. 10.30 Freddy Bagge: Øygarden – innovasjon og moglegheiter
Kl. 11.15 Simen Bjørgen/Kulturminnefondet: Støtte og rettleiar
Kl. 12.00 Kaffe og biteti
Kl. 13.00 Ingrid Blessom/Fortidsminneforeininga: Korleis mobilisere lokalsamfunnet?
Kl. 13.45 Håvard Syse/Gudbrandsdalsmusea: Hugseliste for meir vern
Kl. 14.15 Spørsmål og samtale
Kl. 15.00 Takk for i dag
Anna informasjon:
Adresse: Øygarden, Haugageilen 17, 2672 Sel
For kven: Alle
Pris: Gratis – inkluderer enkel lunsj
Påmelding: post@gudbrandsdalsmusea.no
Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, i samarbeid med Innlandet fylkeskommune og Fortidsminneforeininga i Norddalen
Vel møtt!
- 1/1
Pilegrimsleden