Knut Øystein Bakken frå Valdres har lang fartstid som målar. Han har tileigna seg gamle målingsteknikkar – mellom anna korleis ein komponerer og lagar måling.
Bli med på kurs i komposisjonsmåling på vakre Tofte gard på Dovre. I tillegg til komponering av måling, skal vi måle deler av sørre bygningen på garden. Kurset er ope for alle!
Kvar: Tofte gard, Øverbygdsvegen 55, 2662 Dovre
For kven: Alle
Kurshaldar: Knut Øystein Bakken
Antal: Maksimalt 10
Pris: 1000 kroner – inkluderer enkel lunsj
Påmelding: havard.syse@gudbrandsdalsmusea.no
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Hjerleid handverkskole
- 1/1
Håvard Syse