Hopp til hovudinnhald

Kurs | Brodering på og med lin

Å brodere med lin kan gjerast på mange måtar: kvitt på kvitt eller fargerikt. Det kan også vere plattsøm og tellesøm, saum på fint lin og grovt lin.

Ullinsvin Vågå prestegard
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
22. – 24. aug. 2025
10.00 – 16.00
Kjøp billett

På dette kurset får du prøve litt av kvart, og du får nokre smakebitar på kor allsidig lintråden kan vere.

Når: 22.–24. august frå klokka 10.00–16.00
Kurshaldar: Barbro Tronhuus Storlien
Kvar: Ullinsvin/Vågå
Påmelding og pris: https://event.checkin.no/119332
Arrangør: Vågå husflidslag i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea

Kurslærar Barbro Tronhuus Storlien er utfløtt vagvær, bunadstilverkar og broderientusiast. I 2019 gav ho ut boka Barbro broderer, og i 2023 Barbros sysaker, om kvinner, klede og kulturhistorie. Barbro held mange kurs innan bunadssaum og ulike former for broderi.

Barbro har vore styreleiar i Norges Husflidslag frå 2018 til 2024. Ho sit i styret for Handverksskulen Hjerleid og er særs oppteken av fagopplæring og glede over godt handverk. Og nå vil ho hjelpe oss med å spreie broderiglede på lin.

Kurslærar har med materialpakke som inneheld ulike kvalitetar av tråd og stoff, nåler og anna nødvendig utstyr

Materialpakka kostar 200 kr og betalast til kurslærar i løpet av kurset.

Velkommen på kurs!

  • Bok: Barbros sysaker
    1/1
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2