Stadig fleire kyrkjer vel å gå over frå manuell ringing til elektrisk ringing. Slikt får fylgjer: Om nokre år er det snart ingen att som sit inne med kunnskapane om å ringe med kyrkjeklokker. Med det høge tempoet i installeringa av elektrisk ringing er ein tusenårig religiøs praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne.
Målet med seminaret er å auke medvitet og den generelle kunnskapen om ringing, òg kalla kampanologi, og om klokketradisjonen hjå kyrkjetenarar og andre kyrkjeleg tilsette, i fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.
Kvar: Lesja kyrkje / Lesja
For kven: Vaksne
Kurshaldar: Henning Andersen
Antal: Maksimalt 5
Pris: 1000 kroner – inkluderer enkel lunsj
Påmelding: knut.aastad.braten@gudbrandsdalsmusea.no
Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea og Kyrkja i Lesja
Kurset blir til med økonomisk støtte frå Innlandet fylkeskommune
Vel møtt!
- 1/1
Knut Aastad Bråten