Stadig fleire kyrkjer vel å gå over frå manuell ringing til elektrisk ringing. Slikt får fylgjer: Om nokre år er det snart ingen att som sit inne med kunnskapane om å ringe med kyrkjeklokker. Med det høge tempoet i installeringa av elektrisk ringing er ein tusenårig religiøs praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne.
Målet med kurset er å auke medvitet og den generelle kunnskapen om ringing, òg kalla kampanologi, og om klokketradisjonen hjå kyrkjetenarar og andre kyrkjeleg tilsette, i fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.
Kvar: Oppmøte på Ringebu ungdomssenter, Jernbanegata 14 på Ringebu. Sjølve ringekurset skjer i Ringebu stavkyrkje
Når: Måndag 13. april frå klokka 10.00 til 16.00
For kven: Vaksne
Kurshaldar: Henning Andersen og kyrkjetenarar
Antal: Maksimalt 7
Pris: 800 kroner – inkluderer enkel lunsj
Påmelding: knut.aastad.braten@gudbrandsdalsmusea.no
Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea og Ringebu kirkelige fellesråd
Kurset blir til med økonomisk støtte frå Innlandet fylkeskommune
Vel møtt!
- 1/2
Knut Aastad Bråten - 2/2
Knut Aastad Bråten