Hopp til hovudinnhald

Kurs | Skrive historiske artiklar

Vil du lære meir om korleis ein skriv om historiske hendingar, personar eller stader?

Lom Friviljugsentral Gudbrandsdalsmusea
24. jan. 2026
10.00 – 16.30

Frå høgskulen i Volda kjem høgskulelektor Harald Johannes Krøvel og førsteamanuensis Ola Teige. Dei vil gje oss ei innføring i grunnleggjande kunnskap om emnet.

Når: 24. januar 2026
Kvar: Lom Friviljugsentral
Kursavgift: 750 kroner – som inkluderer lunsj. Innbetaling til kontonummer 2085.25.52337 eller vipps til 516418. Hugs å skrive namnet ditt på innbetalinga.
Påmelding: Bindande påmelding innan 15. januar. Send melding til lomheimbygdslag@gmail.com eller til mobil 469 11 018.

Program: 

10.00–11.00 Kva er mikrohistorie? Perspektiv og døme frå norsk og internasjonal historiefagleg forsking. Ved Harald Johannes Krøvel.
11.00–13.00 Kjelder til mikrohistoria. Munnlege og skriftelege kjelder, personlege dokument og offentlege arkiv, aviser og litteratur. Ved Ola Teige.
13.00–13.30 Formiddagsmat/pause.
13.30–14.30 Korleis skrive mikrohistoriske artiklar.
14.30–16.30 Respons på utkast til artiklar frå Lom heimbygdslag.

Vel møtt!

Arrangør: Lom Heimbygdslag

  • Skrive
    1/1
    Knut Aastad Bråten