Det kan ta tid og lære seg dei ulike maskene og det er ikkje lagt opp til at kursdeltakarane skal få med seg ferdige produkt etter kurset. Her vert det fokus på å lære seg ein teknikk. Me vil lage ei lita prøvebok med arbeidsprøver.
Når: 1.–3. august 2025
For kven: Unge og vaksne
Kurshaldar: Borghild Telnes
Kvar: Ullinsvin/Vågå
Påmelding og pris: Sjå her https://event.checkin.no/119984. Materialpakke blir betalt direkte til kurslærar (pris 150 kr til 350 kr)
Borghild Telnes (fødd 1961) er kalligraf og kunstnar og har drive eiga verksemd i Seljord sidan 1998. Ho arbeider med skrift i kombinasjon med teknikkar som handsaum, trådteknikkar, illustrasjon og trykk av ulike slag.
Denne gamle trådbindingsteknikken har røter attende til oldtida. Teknikken blir også kalla telebinding, filering eller binding. Nemninga filet kjem frå fransk og tyder tråd eller fiskegarn. Teknikken for å binde botnmaskene er dei same som vert brukt til å binde fiskegarn. Tradisjonelt vart det laga blonderemser knytte med tynn lintråd. Desse vart sydde på hovudplagg som skaut og hatteklede eller nytta som mellomverk på forklede, jolehandklede eller høgtidsdukar.
Velkommen på kurs!
Arrangør: Vågå husflidslag i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea
- 1/1
Norsk Folkemuseum