Kurslærar: Signe Stubbrud. Ho og dottera driv Stakkestuggu i Heidal, og Signe har lang erfaring med bunadssaum og treårig modulopplæring i faget hjå Studieforbundet kultur og tradisjon på Raulandsakademiet.
Stad: Ullinsvin, hovudhuset (lokala til Vågå husflidslag)
Fyrste samlinga blir måndag 2. september kl. 17.30 for måltaking til bunadsskjorta. Kurset er på 44 timar fordelt på 11 kveldar kl. 17.30–21.30. Det blir noko sying heime mellom kurskveldane.
Fyrste saumkvelden blir måndag 23. september. Lærar og deltakarane kan eventuelt gjere andre tilpassingar slik at flest mogleg får med seg alle kurskveldane.
Kurspris: 4000 kr for medlemar i eit lokallag av Norges husflidslag, 5600 kr for ikkje-medlemar. Materiale til skjorta kjem i tillegg, og kan kjøpast av kurslærar.
Bindande påmelding: Seinast 22. august til studieleiar Åse Flittie Anderssen på SMS til 901 24 347 eller e-post ase.sandbu-gard@hotmail.com
Maks 8 deltakarar.
Kurset får stønad til vaksenopplæring gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon.
Arrangør: Vågå husflidslag