Hopp til hovudinnhald

Kurs | Ljåslått, hesjing og kvessing

Klar for å kvesse ljåen og hesje? Bli med på ljåslåttkurs i Vågå. Ta med eigen ljå, elles du lånar ein på kurset. Lærar er Jo Kåre Bakke, kjent hestekar og hovslager.

NB! Arrangementet har funne stad
Klones og Nordherad Ullinsvin Vågå prestegard
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
11. – 13. juli 2025
17.00 – 14.00

Kursavgift: 800 kroner, inkluderer mat på Klones og i Syhågå laurdag og sundag
Påmeldingsfrist:
8. juli
Påmelding til:
Åse Flittie Anderssen: ase.sandbu-gard@hotmail.com / 901 24 347. Hugs å melde inn namn, adresse, telefon, e-post og fødselsår. Etter påmeldinga sender vi info om innbetaling av kursavgift og eventuelt andre praktiske spørsmål
Antal deltakarar:
Maks 10

Program:

Fredag 11. juli kl. 17.00–20.00
Kvar: Klones, Klonesbakken 10
Kva: Vedlikehald og kvessing av ljåen slik at han er best mogleg til slåtten neste dag.
Mat: Kaffe og biteti.

Laurdag 12. juli kl. 08.00–18.00
Kvar: Syhågå i Nordherad, Øvre Nordheradsvegen 940
Kva:
• Kurs i ljåslått og oppsett av ei hesje eller to i løpet av dagen.
• Foredrag om artsmangfald med Arne Fjellberg (norsk entomolog).
• Dugurd med vassgraut og anna god mat, og slåttegraut (rømmegraut) om eftan.
• Seinare på kvelden kan slåttefolket bli med på eit lukka lag i regi av Nordherad grendelag på Tjønnflaten, som er 3,5 km frå Syhågå. Ta med eigen grillmat og drikke.

Sundag 13. juli
Kvar: Syhågå i Nordherad, Øvre Nordheradsvegen 940.
Kva: Open dag med hesjing, slått og sosialt samvære.

Velkommen på kurs!

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid med Nordherad grendelag, Vågå husflidslag, Vågå historielag og Nordheradsprosjektet.