Hopp til hovudinnhald

Konsert | Kvarts

Kvarts er ei av dei mest markante folkemusikkgruppene i Noreg. Velkommen på konsert i Sundstugu i Jutulheimen.

NB! Arrangementet har funne stad
Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
23. april 2025
18.00

Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei musikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg i norsk musikkliv, både innan folkemusikk-krinsar, og i musikklivet generelt. Kvarts har til no gjeve ut ni CD-ar. Det kunstnariske arbeidet har resultert i to Spellmannprisar og ein Spellmannpris-nominasjon. I 2024 vann dei Folkelarmprisen for Årets album.

Spelmennene i Kvarts har brei musikalsk bakgrunn, noko som og gjer at dei maktar å kombinere ulike musikalske uttrykk. Resultatet er som steinen kvarts: Blank og gjennomsiktig i rein form, men blanda med andre materiale får han andre valørar.

Dette er Kvarts:

Jo Asgeir Lie | trekkspel
Øystein Rudi | fele, hardingfele
Tom Willy Rustad | kontrabass, gitar, toradar, seljefløyte, munnharpe
Erlend Styve | gitarar

Inngang: 395 kroner

Dobbeltkonsert: Viss billettsalet går unna, blir det og konsert klokka 20:00 same kveld

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Jutulheimen

Andre arrangement i regi av Gudbrandsdalsmusea:

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2