Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Aktarkorg og Syver Horten

Velkommen til ein kveld om korgtradisjonane i Noreg.

NB! Arrangementet har funne stad
Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
05. nov. 2025
19.00 – 21.00

Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø kjem til Jutulheimen i Vågå. Dei vil fortelja om korgtradisjonane i Noreg, om korgmakaren Syver Horten, om aktarkorga og om Norsk korglag.

Kvar: Jutulheimen, Vågå
Når: 5. november klokka 19.00
Pris: 100 kroner inkludert kaffi

Hege Iren Aasdal er ein anerkjent korgmakar som bur og arbeidar i Hardanger. Med sveinebrev i korgmakarfaget og eit stipend frå Norsk Håndverksinstitutt i åra 2020 til 2023, har ho fordjupa seg i tradisjonelle teknikkar og lokalhistoriske metodar for korgfletting.

Samson Øvstebø har laga kiper og halde på med trearbeid i over 25 år, og han har halde mange kurs i korgmaking. Han har vore rettleiar for Hege i stipendiatarbeidet og har samarbeida med ho i fleire prosjekt i regi av Norsk Håndverksinstitutt. Samson har tidlegare arbeidd mest i brakje (einer) men jobbar no med mange treslag og er den med mest erfaring på splitting og deling og fletting med forskjellige tresortar.

Velkommen!

Arrangørar: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea

  • Korg
    1/1
    Studieforbundet Kultur og tradisjon