Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Edvin Espelund

NB! Arrangementet har funne stad
Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
09. sep. 2026
19.00 – 21.00

Edvin er heidøl, 72 år, og har arbeidd med grov- og grannbygging i meir enn 50 år. Med utdanning frå Hjerleid innan snikkarfag og treskjering, arbeid ved Maihaugen og fleire år på oppdrag for Riksantikvaren, har han eit unikt innblikk i norsk byggjeskikk, restaurering og laftetradisjonar.

Gjennom foredraget deler han erfaringar frå eit langt yrkesliv, frå arbeid som handverkar og lærar til etableringa av lafte- og restaureringsfirmaet Stokk & Stein. Eit sentralt tema vil vere utdanning og rekruttering av nye handverkarar innan lafting og restaurering – og kvifor dette arbeidet er viktigare enn nokon gong.

Det blir også opna for samtale og meiningsutveksling med publikum mot slutten av foredraget.

Vel møtt til eit engasjerande møte med tradisjonshandverk, kulturarv og levd erfaring

Kvar: Jutulheimen, Vågå
Når: Onsdag 9.sept. kl. 19.00
Pris: 100kr. inkl. kaffe og biteti

Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea og Vågå historielag

Velkommen!