Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Gardsbesøk i Nordre Myrum

Velkommen til omvising og biteti hjå Jørgen på Nordre Myrum.

NB! Arrangementet har funne stad
Vågå historielag Gudbrandsdalsmusea
10. sep. 2025
19.00

Garden er i dag eigd av Jørgen J. Hagen, som sidan 2022 har restaurert store delar av husa. Du får innblikk i opp- og nedturar gjennom fleire år med restaurering, i tillegg til historier om treskjeraren Johannes Myrum, bestefar til Jørgen.

Program:
// Omvising på garden
// Jørgen fortel om garden med ord og bilde
// Knut Raastad fortel om Myrumsgrenda
// Kaffe og biteti

Når: 10. september klokka 19.00
Inngang: 100 kroner
Kvar: Frå Vågå køyrer du opp Rustvegen, svingar inn andre vegen til venstre og held deg til venstre.

Med prosjektet SPOR/TRE tek Gudbrandsdalsmusea eit djupdykk ned og inn i bygningsarven i Gudbrandsdalen. Målet er å løfte medvitet om bygningsarv som ressurs og kjelde - til vidare inspirasjon. Vi ynskjer å gje rom for auka refleksjon og styrka kompetanse om bygningskultur og bygningsarv, ikkje minst som drivkraft for ein lokal identitet og tilhøyr. Gudbrandsdalsmusea skal i løpet av det neste året arrangere fire besøk til ulike gardar i Gudbrandsdalen.

Velkomne!

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Vågå historielag

Foto: Arve Danielsen / Fjuken

  • Myrum
    1/1