Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Mona Levin | Mors historie

Den kjende foredragshaldaren, journalisten og forfattaren Mona Levin held kveldsforedrag om jødisk kvardagsliv, om flukta frå Noreg til Sverige i 1942 og om antisemittismen – som framleis lever.

NB! Arrangementet har funne stad
Lesja kulturhus Gudbrandsdalsmusea
03. april 2025
19.00 – 21.00

Mona Levin har vore knytt til kulturredaksjonen i Aftenposten i meir enn 50 år. Ho har gjeve ut eit dusin bøker, har vore redaktør av magasinet KlassiskMusikk, og ho er ein ofte brukt foredragshaldar.

Mona Levin er norsk jøde, busett i Sandefjord, og engasjerer seg i mellom anna debattar om minoritetane i Noreg og framveksten av antisemittismen. Noko av dette blir også tema i foredraget i Gudbrandsdalsmusea.

Den jødiske kulturen er ein av fleire nasjonale minoritetar i Noreg, og er slik viktig del av den norske kulturhistoria, i likskap med annan minoritetskultur, seier arrangørane.

Musea skal belyse alle sidene av kulturen – dei gode forteljingane men og dei vanskelege. Musea skal vere ein arena for debatt og kunnskapsbygging – også når grunnleggjande verdiar står på spel, seier avdelingsleiar på Lesja bygdemuseum, Knut Aastad Bråten.

Mona Levin har skrive ei rekke bøker, mellom dei tre store biografiar: Med livet i hendene (Cappelen 1984), der ho førte i pennen faren, Robert Levin sine erindringar, Wenche Foss. På livets scene (Gyldendal 1992/2007), Arne Næss jr. – Granitt og regnbue (Gyldendal 1995) og ikkje minst Mors bok – en familiesaga om mora og hennar historie (Kagge forlag 2015).

Foredraget blir i Kulturhuset på Lesja, torsdag 3. april kl. 19.00. Arrangementet er støtta økonomisk av Fritt Ord.

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid med Gudbrandsdal krigsminnesamling. 

  • Mona Levin
    1/1
    NRK
Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2