Gudbrandsdalens navngjetne kjørekar, Iver Hansen Ødegaarden frå Vågå gjekk under namnet Nils-Iva.
Han vart kjendis etter å ha vore hjelpemann for reiseskildringa Tre i Norge ved to av dem, og på grunn av utallige munnhell. Nils-Iva vart god ven og hjelpemann til Anders Sandvig, og fleire av avisene i landet har skrive om han.
Museumspedagog på Maihaugen, Thorstein Hernes, fortel om kva som er skrive og gjenfortalt om Nils-Iva, og Knut Raastad vil ta for seg stamtre og etterkommarar etter Nils-Iva.
Inngang: 100 kroner inkludert kaffe og biteti
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Vågå historielag og Maihaugen
- 1/1