Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Samtale med Line Bøhmer Løkken

Velkommen til ein kveld midt i utstillinga FLATRØSTA HØGREIST i Fjoset i Ullinsvin. Kva ligg bak utstillinga, og kva ynskjer kunstnaren å få fram i bileta sine? Bli med inn i utstillinga – og bak kameraet.

Fjoset Ullinsvin, Vågå
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
22. juli 2026
19.00 – 21.00

Kurator Kirsten Visdal vil saman med fotograf Line Bøhmer Løkken ta oss med inn og bak utstillinga FLATRØSTA HØGREIST

Med prosjektet SPOR / TRE tek Gudbrandsdalsmusea eit djupdykk ned og inn i bygningsarven i Gudbrandsdalen. Målet med utstillingane er å løfte medvitet om bygningsarven som ressurs og kjelde – til vidare inspirasjon. Korleis kan ei utstilling om bygningskulturen vere med å inspirere til og vidareutvikle ny design, ny arkitektur, nytt formspråk? Og korleis kan vern og gjenbruk vere eit skjold mot eit eskalerande forbrukssamfunn?

SPOR / TRE er ei vifte med fleire tiltak, mellom anna ei omfattande fotoutstilling om bygningsarv. Den anerkjente biletkunstnaren og fotografen Line Bøhmer Løkken stiller ut poetiske og sterke foto i Ullinsvin i Vågå under tittelen FLATRØSTA HØGREIST. Løkken har vakse opp med folk med godt handelag: Broren Kjetil er tømrar. Far hennar smir, snikrar og løyser alle slags praktiske oppgåver. «Båe syner stor omsorg for materialane og kunnskapane om arbeidet», seier Line. Med dette som bakteppe har Line Bøhmer Løkken gjeve seg i kast med bygningsarven gjennom fotografiet.

I utstillinga kjem du tett på historia og forteljingane om einskildmenneske og levd liv. Med utstillinga ynskjer vi å gje plass til minna og forteljingane om dei som har levd før oss, men òg bygningsarv som forankringspunkt og ra,mme om identitet og tilhøyr – i dag.

Pris: 100 kr. inkl. kaffe og bite
Stad: Fjoset i Ullinsvin
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Ullinsvin og Vågå historielag

Velkommen!

  • Spor Tre / Line Bøhmer Løkken
    1/1
    Knut Aastad Bråten