Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Thekla – kvinnesakskvinne og botanikarpioner

Hans-Jacob Dahl har fordjupa seg i historia til botanikaren Thekla Resvoll. No kjem Hans-Jacob til Lesja bygdemuseum.

NB! Arrangementet har funne stad
Lesja bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
26. juli 2025
12.00 – 13.00

Thekla Resvoll var født i Vågå den 22. mai 1871. Ho var ein norsk botanikar og kvinnesakskvinne. I 1918 skreiv ho doktorgradsavhandling om planter som passar til kald og kort sommar. Dette er eit godt arbeid som i høg grad har utvida kjennskapen vår til fjellplantene og dei ekstreme forholda dei lever under. 

I 1899-1920 skreiv ho om vekstlivet i 13 av dei norske fylka i verket Noregs land og folk. I 1911 gav ho ut boka Vinterflora.

Resvoll var amanuensis ved Botanisk Laboratorium, Universitetet i Oslo, i åra 1902 til 1936. Ho var og som syster si Hanna Resvoll-Hansen – ein kvinneleg pioner innan botanikk.

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea

  • Thekla Resvoll
    1/1