Jo Visdal (1861-1923) var treskjerar og bilethoggar frå Vågå. Han var ein fortreffeleg modellør av byster og relieff av tidas kjende menn og kvinner. Treskurden til Visdal prega interiøret i kyrkjer, men også mange heimar. Visdal reiste til Kristiania i 1880, 19 år gamal. I hovudstaden fekk han hjelp av språkmannen Halfdan Halvorsen, som var sambygding frå Vågå, og treskjeraren Johannes Odden frå Lom. Han fekk arbeid hjå møbelsnekkar-meisteren H.W. Schrøder, som hadde fylgjande å seie om eleven;
«Det var svært til flink læregut du skaffa meg! Eg sette han til å gjere eit rundt bord; og det var ferdig i ein-to-tre!»
Jo Visdal gjekk på Den kongelige Tegneskole med Julius Middelthun som sin lærar, og mottok også korreksjon frå Oscar Wergeland på same skule. Han var god venn med Edvard Munch. Visdal var den einaste som fekk lage ei byste av Munch medan han var i live. Munch besøkte Visdal fleire gonger i Vågå og budde på hytta hans «Venjastugu».
Jo Visdal modellerte dei norske kronemyntane som vart utgjeve mellom 1908 og 1917.
William Duppa Crotch (1832-1903) var god ven med landsmann og adelsmann Eardley John Blackwell på Klones, der han var mykje fram til Blackwell døydde i 1866. I 1868 gifta Crotch seg med enka etter Blackwell, Mari (født Svee) og vart verande på Klones.
William var født 1832 i Somerset, England. Han gjennomførte Master of Arts i Oxford i 1863. Studerte medisin, men tok ikkje avsluttande eksamen.
I Jutulheimen heng det over 20 vakre akvarellar av Duppa Crotch vi skal sjå på denne kvelden. Vi ser og på utstillinga om Jo Visdal i Jutulheimen.
Inngang: 100,- inkl kaffe og biteti
Arrangør: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea