Kvelden startar med årsmøte i Vågå historielag. Her får dykk høyre om alt denne framifrå gjengen med friviljuge har gjort i 2024, og det er ikkje lite!
Prosjekt som mellom anna nytt toalettanlegg i Jutulheimen, Jøynntraktoren på tunet i Ullinsvin og attendeføring av hovudhus i Ullinsvin til fordums prakt, gjenstandsmagasin, kvilingsfjos i Randsverk, Pulløybue, husmannsplassen Flåten i Nordherad, Jo Gjende-bue og mykje meir - ja desse ligg ikkje på latsia!
Vågå historielag eig:
- 12 hus i Ullinsvin Vågå prestgard
- 11 hus i Jutulheimen
- 4 bue ved Gjendeosen
- 6 hus på Husmannsplassen Flåten
- Kvilingsfjos i Randsverk
Inngang: 100,- inkludert kaffe og biteti
Arrangør: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea
- 1/1