Tid: Sundag 25. oktober 2026 kl. 18.00
Stad: Heidal kyrkje
Medverkande: Even Lusæter, Steinar Løsnesløkken, Grete Lillesæter og Gustav Ekre
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Sel kirkelige råd
//
Kyrkjegarden rommar meir enn namn og årstal. Her er spor etter menneske, kvardagsliv og hendingar som har sett sitt preg på Heidal gjennom hundrevis av år.
Vandringa byrjar på kyrkjebakken. Even Lusæter tek oss med inn i mytane og mystikken til kyrkjegarden i Sel. Undervegs får vi høyre historier om kjende og mindre kjende personar som har fått sin siste kvilestad her. Saman med Grete Lillesæter, Gustav Ekre og Steinar Løsnesløkken deler han forteljingar om menneska bak gravminna, kyrkja og kyrkjegarden – og om livet i Heidal i tidlegare tider.
Etter vandringa går vi inn i kyrkja. Her blir det høve til å varme seg med ein kaffikopp og noko, medan praten kan gå vidare.
Velkomen til ein kveld med historie, forteljingar, menneske og kanskje eit lite innslag av mystikk!
- 1/1
Sel kirkelige råd