Hopp til hovudinnhald

Lesja bygdemuseum

Kyrkja har stått her sidan ho var ny i 1749. Året etter – i 1750 – vart kyrkja innvigd. Kyrkja erstatta ei tidlegare kyrkje som var plassert nokre hundre meter lenger ned mot elva. På den gamle kyrkjetomta står det i dag ein minnestein som fortel historia om gamlekyrkja.

Det er ikkje eigen omvisar i Lesja kyrkje, men spør ein av omvisarane på Lesja bygdemuseum. Dei viser deg rundt.

 

Høgreist i dale’ i sorg og i glede
strålar vår kyrkje sin fred over grend.
Gravlagd i jord attom kyrkjegardsleet
kviler dei utslitne kvinner og menn.

 

Frå Lesjasongen, skriven av Audun Høgbrenna frå Lesja,
ein song dei fleste lesjingane kjenner til.

 

 

OPNINGSTIDER SOMMAR
21. juni til 16. august
Tysdag til laurdag: 11.00–16.00
Søndag: 11.00–15.00
Måndag: Stengt

INNGANG SOMMAR
Vaksen: 125,-
Student og honnør: 100,- 
Born opp til 16 år: Gratis
Sommarkort: 350,-
Medlem i Lesja bygdemuseum Venneforeining: 150,-

Sommarkortet gjev fri inngang på Lesja bygdemuseum gjennom heile sommarsesongen.

Medlemskap i Lesja bygdemuseum Venneforeining gjev fri inngang på Lesja bygdemuseum gjennom heile året. 

TILKOMST
Lesja bygdemuseum, Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja

Andre utstillinger på Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2