Avdelingsleiaren har det faglege ansvaret for utviklinga av avdelinga Presthaugen / Lom bygdemuseum. Avdelingsleiaren vil og ha eit overordna ansvar for formidling til born og unge i heile Gudbrandsdalsmusea.
Gudbrandsdalsmusea søkjer deg med eit sterkt engasjement for museet i lokalsamfunnet, for lokal og regional historie, for natur- og kulturarv. Du har gjerne kultur- eller naturfagleg bakgrunn, erfaring med prosjektarbeid eller anna leiararbeid, du har eit godt nettverk, er initiativrik, sosial og utoverretta og med sans for praktisk arbeid.
Arbeidskvardagen inneheld ei vifte av varierte oppgåver, mellom anna forvalting og utvikling av Presthaugen, søknadsskriving og prosjektoppfølging og formidling mot born og unge. Samarbeid og samhandling står høgt på agendaen i museet, både internt og med andre aktørar og miljø – lokalt og nasjonalt. Du er dyktig på bygging av tillit og gode relasjonar, både med tilsette, friviljuge, lag og andre miljø. Du likar å motivere og spele andre gode, i tillegg til sjølv å dra ein stor del av lasset.
Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. Museet formidlar kunnskap om både materiell og immateriell kulturarv gjennom arkiv og utstillingar, kurs og foredrag. Presthaugen / Lom bygdemuseum i Lom i Gudbrandsdalen er ein av fleire avdelingar i Gudbrandsdalsmusea.
Kulturarven er levande. Gudbrandsdalsmusea er eit kulturelt samlingspunkt og ein møteplass for eit mangfaldig publikum. «Vern gjennom bruk» er ein berande strategi. Museet skal løfte kulturarven opp og fram gjennom at publikum sjølve kan ta del, til dømes gjennom kurs og foredrag, utstillingar og konsertar.
Gudbrandsdalsmusea bidreg til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling av museet og samfunnet gjennom internasjonale, nasjonale og eigne konkrete mål og satsingar.
Driftsselskapet Gudbrandsdalsmusea AS er eigd av kommunane. Avdelingane er eigde av historielag, eigarstiftingar og andre. Det er i 2025 13 tilsette i Gudbrandsdalsmusea. Dei tilsette er fordelte på avdelingar rundt om i heile Gudbrandsdalen.
Er du den nye leiaren i Presthaugen?
Vil du vere med å vidareutvikle formidlinga og forvaltinga av kulturarven i Gudbrandsdalen i samspel med fagfolk og mange friviljuge?
KVALIFIKASJONAR:
- Relevant utdanning innan kultur, natur, historie eller museum, tradisjonshandverksfag eller anna relevant praksis
- Erfaring med prosjektleiing og økonomi
- Praktisk erfaring
- Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
- Erfaring frå arbeid med born, unge og frivillige
- Førarkort klasse B
PERSONLEGE EIGENSKAPER:
- Inspirert og motiverande lagbyggjar
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Kjennskap til Gudbrandsdalen er ein fordel
I GUDBRANDSDALSMUSEA FÅR DU:
- Eit ope og triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein sentral og viktig kulturinstitusjon
- Kontorstad i Ullinsvin i Vågå
- Fleksibel arbeidstid
- Pensjonsordning i KLP
VILKÅR:
- Fast stilling i 80 %
- Løn etter avtale
- Stillinga er omfatta av Offentlegheitslova og søkarlista er offentleg
SØKNADSFRIST:
- 10. desember 2025. Oppstart etter avtale.
SPØRSMÅL?
- Kontakt direktør Knut Aastad Bråten | mobil 907 68 797
SØKNAD MED CV:
Om Gudbrandsdalsmusea
Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen med aktivitet i ni kommunar og ei rekkje avdelinger. Året rundt er Gudbrandsdalsmusea eit kulturelt samlingspunkt og møteplass for eit stort og mangfaldig publikum.
«Vern gjennom bruk» er berande strategi for Gudbrandsdalsmusea sin forvaltning av levande kulturarv i heile dalføret. Musea driv besøkssenter, arkiv, samlingar og publikumsaktiviteter. Materiell og immateriell kulturarv blir ivareteke og formidla gjennom bygdemuseum, utstillingar, kurs, arkiv, magasin og foredrag.