Hopp til hovudinnhald

Eit levande bygdetun

Lesja bygdemuseum er eit intimt og aktivt museum i Gudbrandsdalsmusea. Gjennom sommaren er det stor aktivitet i dei gamle husa på tunet. Saum og matstell, spinning og hesjing av høy.

  • Live og Ragna Kolstad
    1/12
    Knut Aastad Bråten
  • Husflid i Bellestugu / Lesja bygdemuseum
    2/12
    Knut Aastad Bråten
  • Lesja kyrkje
    3/12
    Knut Aastad Bråten
  • Opningsdag på Lesja bygdemuseum
    4/12
    Knut Aastad Bråten
  • Steiking av skrivabrød i Ulateigstugu.
    5/12
    Knut Aastad Bråten
  • Blakar
    6/12
    Knut Aastad Bråten
  • Blyantmaking
    7/12
    Knut Aastad Bråten
  • Utstilling: Otto og sykkelen
    8/12
    Knut Aastad Bråten
  • Grønne Røtter
    9/12
    Grønne Røtter Knut Aastad Bråten
  • Norsk folkedraktsaum på besøk på Lesja bygdemuseum
    10/12
    Knut Aastad Bråten
  •  Gaute Romslo
    11/12
    Gaute Romslo er ein av mange frivillige på Lesja. Knut Aastad Bråten
  • Lefsekurs på Lesja.
    12/12
    Knut Aastad Bråten

Lesja bygdemuseum Bygdatunet er eit intimt og aktivt museum i Gudbrandsdalsmusea. Gjennom sommaren er det stor aktivitet i dei gamle husa på tunet. Saum og matstell, spinning og hesjing av høy.

Saman med over 200 friviljuge krefter i ulike lag og miljø gir vi besøkande eit unikt innblikk i tradisjonelle og høgst levande mat- og handverkstradisjonar i Gudbrandsdalen. Slik er museet og dei friviljuge med på å sikre kulturarven for framtida.

Lesja bygdemuseum formidlar kunnskap om både materiell og immateriell kulturarv heile året gjennom arkiv og utstillingar, kurs og foredrag. Museet har eigen, flott museumsbutikk med bøker og handverksprodukt frå mange lokale leverandørar. 

I 2025 etablerte Gudbrandsdalsmusea, med økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen, ein levande grønsakhage på Lesja bygdemuseum. Prosjektet har fått namnet Grønne røtter. I hagen lærer born og unge bærekraftig hagebruk, lokal matkultur, beredskap og naturforståing. Hagen blir til i samarbeid med Sofia Maria Bang Elm frå Avdem Gardsgrønt.

På museet held og bygningsvernrådgjevartenesta for Gudbrandsdalen til. Treng du råd om kva du skal gjere med eit gamalt bygg? Rådgjevaren har spisskompetanse innanfor antikvarisk arbeid på eldre hus, byggeskikk og handverkstradisjonar i Gudbrandsdalen.

20. juni – 15. august

Opningstider og anna

SOMMAR 20. JUNI TIL 15. AUGUST
Tysdag til sundag: 11.00–15.00
Laurdag: 11.00–16.00
Måndag: Stengt

INNGANG SOMMAR
Vaksen: 130,-
Student og honnør: 100,- 
Born opp til 16 år: Gratis
Sommarkort: 350,-
Medlem i Lesja bygdemuseum Venneforeining: 150,-

Sommarkortet gjev fri inngang på Lesja bygdemuseum gjennom heile sommarsesongen.

Medlemskap i Lesja bygdemuseum Venneforeining gjev fri inngang på Lesja bygdemuseum gjennom heile året. 

ARKIV OG SAMLING
Lesja bygdemuseum tek i mot gjenstandar, foto og dokument for arkivering i magasinet. Ta kontakt for innlevering. 

MUSEUMSBUTIKK
Museet har museumsbutikk med bøker og handverksprodukt frå mange lokale leverandørar.

UTLEIGE
Du kan leige nokre av dei eldre husa på museet til selskap og andre samkomer. Ta kontakt for meir informasjon. 

TILKOMST
Lesja bygdemuseum, Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja

 

Arrangement i Gudbrandsdalsmusea

Utstillingar på Lesja bygdemuseum Bygdatunet