Hopp til hovudinnhald

Lesja bygdemuseum | veke 27

Velkommen til ei veke full av husflid og bakst, foredrag og konsertar.

Lesja bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
01. – 05. juli 2025

Programmet for veke 27 ser slik ut:

Tysdag 1. juli
Husflid: Redesign, dongerisaum, neverarbeid, pjoning, sprang / bregding, engelsk broderi

Onsdag 2. juli
Husflid: Redesign, dongerisaum, neverarbeid, pjoning, hælteppe
Bakst: Tunnkaku
For barn: Restefest! Kl. 11: Innlevering av slappe grønnsaker og tørt brød. Kl. 12: Kutte og koke for håpefulle kokkar. Kl. 13: Servering av kulinariske rettar
Konsert: Marie Klåpbakken Trio. Utseld!

Torsdag 3. juli
Husflid: Redesign, dongerisaum, lappeteknikk og quilting, billedvev, høgging av ved
Bakst: I Eldhuset – mjukbrød. I Ulateigstugu – skrivabrød

Fredag 4. juli
Husflid: Redesign, dongerisaum, linarbeid, spinning
Bakst: Havrebrød

Laurdag 5. juli
Husflid: Redesign, dongerisaum, tamburering, strikking
Bakst: I Eldhuset – potetlefse. I Ulateigstugu – skrivabrød
Foredrag: Isfrid Angard Siljehaug // Om kunstvev
Konsert: Karin Kolterud // Lokk og setermusikk!

Baking og husflidsaktivitetar byrjar klokka 11.00.
Foredraga laurdag byrjar klokka 12.00.
Konsertane laurdag startar klokka 14.00.

Sommarprogrammet blir til i tett og nært samarbeid med Husflidslaget i Lesja, Lesja bygdekvinnelag og Venelaget. Stor takk til alle som er med å skape sommareventyr på Lesja bygdemuseum.

  • Karin Kolterud
    1/4
    Knut Aastad Bråten
  • Lefsekurs på Lesja.
    2/4
    Knut Aastad Bråten
  • Isfrid Angard Siljehaug
    3/4
    Ukjent
  • Linarbeid Vågå
    4/4
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2