Hopp til hovudinnhald

I Gudbrandsdalen har du framleis moglegheita til å oppleve levande seterkultur ført vidare av engasjerte budeier og budeirullar.

Midt på 1800-talet var det nær 100 000 setrer i drift i landet. I dag er det i underkant av 750 aktive setrer att. Stadig fleire gardbrukarar vel bort seterdrifta. Det er eit tap med mange konsekvensar, ikkje minst for landbruket sjølv. Med det høge tempoet i nedlegginga av seterkulturen er ein fleire hundre år gamal praksis og kulturtradisjon i fare for å forsvinne.

Gudbrandsdalsmusea tilbyr i 2025 unike seteropplevingar i samarbeid med seterbrukarane Jorid Belle-Thysell på Reindøl i Lesja og Hans Gubhage i Finndalen i Lom. Båe er aktive og gode ambassadørar for norsk landbruk og for norsk kulturarv.

Program for seterbesøk i 2025 er ikkje klart enno.

God tur til seters!

Kinning på Nedre Reindøl Knut Aastad Bråten

SETER 1: REINDØL | LESJA

Seterdrivar: Jorid Belle-Thysell / 954 70 461
Dyr: Mjølkekyr, sauer og nokre høner
Tilkomst: Reindølsvegen 241, 2665 Lesja
Når: Ikkje klart enno
Kva: Servering av biteti, hyggeleg prat og deltaking i kveldsstellet
Maks deltakarar: 10
Kostnad: Vaksne: 250 kroner / born frå fire til 16 år: 100 kroner / born under fire år: Gratis. Årskort gjeld ikkje museumsseter

Hans Gubhage GD

SETER 2: FINNDALEN | VÅGÅ OG LOM

Seterdrivar: Hans Gubhage / 992 43 844
Dyr: mjølkekyr, sauer og nokre høner
Tilkomst: Gupphågåsætre, Finndalsvegen 408, 2686 Lom
Når: Ikkje klart enno
Kva: Servering av biteti, hyggeleg prat og deltaking i kveldsstellet
Maks deltakarar: 10
Kostnad: Vaksne: 250 kroner / born frå fire til 16 år: 100 kroner / born under fire år: Gratis. Årskort gjeld ikkje museumsseter

Kontakt

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2