Utstilling
LIN 2.0. Frå frø til tråd
Ullinsvin Vågå prestegard
Stuttreist. Slitesterk. Staseleg. Frå dei gamle egyptiske faraoene, via kongeleg luksus og magiske ritual til levande andarbeidstradisjonar i Gudbrandsdalen: Bruken av tekstilet lin går som ei grøn renning gjennom kulturhistoria.
Utstillinga LIN 2.0 vev saman dei mange trådane spunne ut av vår eldste kulturplante til ei fiberrik danningsreise gjennom sommaren 2025.
I utstillingslokala Fjoset og Fjostrevet på Ullinsvin gamle prestegard i Vågå, blir tradisjonsrik husflid og moderne kunsthandverk lyfta fram i ei inspirerande feiring av fiberplanta og tekstilet lin. Ute i tunet finn du åkerlappar med spinnelin og fargeplanter. Gjennom sommaren inviterer utstillinga LIN og til publikumsaktiviteter og foredrag, dyrking og slått, spinning og plantefarging, omvising og sofasamtale.
I vår tid er det hardføre linet i ferd med å få si renessanse – kan planta med dei blå og kvite blomene bidra i det grønt klesskiftet? Vil du vite svaret, er ein god stad å starte i utstilling LIN.
Utstillarar kunsthandverk i lin:
Magnus Håland Sunde
Camilla Kunckel
Linda Flø
Lise Skoug Obel
Jon Fredrik Skauge
Heidi Bjørnsdotter Thorvik
Vågå Vev
Solberg Spinderi
Inngang
Vaksne: 150 kroner
Born: 100 kroner
Arrangør
Gudbrandsdalsmusea