Hopp til hovudinnhald

Liv i Bakkestugu

Sommaren 2026 blir det omvising og spel på langeleik i Bakkestugu, heimen til Rønnaug Sagboden. Velkommen innom!

NB! Arrangementet har funne stad
Bakkestugu / Skåbu Gudbrandsdalsmusea
27. juli – 09 .aug. 2026
11.00 – 15.00

Når: 27. juli til 9. august frå klokka 11.00 til 15.00
Kvar: Bakkestugu, Kamfossvegen 276, Skåbu

//

Bakkestugu er ein av dei siste husmannsplassane i landet. Her budde Rønnaug Sagboden fram til ho døydde i 1994. 

Bakkestugus Venner er ei frivillig foreining for husmannsplassen og museet Bakkestugu i Skåbu. Bakkestugu med bygningar og inventar er i eiga til Skåbu sokneråd, testamentert av siste bebuar Rønnaug Sagboden (1895-1994). 

Bakkestugus Venner har sidan starten etablert fleire tiltak og tradisjonar, til dømes Bakkestugudagen, opne besøksdagar gjennom sommaren, delteke i Skåbufestivalen «Liv Lågå», gjennomført bakst og steiking i eldhuset, eventyrlesing, hesteskokasting og mykje meir.

  • Bakkestugu i Skåbu
    1/3
    Knut Aastad Bråten
  • Bakkestugu i Skåbu
    2/3
    Knut Aastad Bråten
  • Langeleik
    3/3
    Aleksander Andersen