Hopp til hovudinnhald

Titteskåp inn i fortida

Som ei tidsmaskin attende til 1700-talet ligg husa i Presthaugen som ein storgard med inntun til menneska og uttun til dyra.

  • Presthaugen, Lom
    1/8
    Kristin Akslen Hagen
  • Potetplukking i Lom
    2/8
    Olav Tufte
  • Storstabburet i Lom
    3/8
  • Potetplukking i Lom. Olav Tufte
    4/8
    Olav Tufte
  • Presthaugen / Lom bygdemuseum
    5/8
    Knut Aastad Bråten
  • Potetplukking i Lom
    6/8
    Olav Tufte
  • Presthaugen / Lom bygdemuseum
    7/8
    Knut Aastad Bråten
  • Presthaugen / Lom bygdemuseum
    8/8
    Knut Aastad Bråten

Lat att augo. Med litt fantasi kjenner du smaken av nykinna smør, eller du ser for deg dei tolv ungane som ein gong fekk plass i den vesle husmannsstova. 

Dei historiske tømmerhusa er henta frå gardar i Lom, Skjåk og Vågå. Her er setertun, husmannsplass og skulestue – og det største stabburet i landet, det såkalla Storstabburet frå 1613. I Presthaugen kan du undre deg over kvifor det er stukke hestehår inn veggen, og sjå om du finn hola etter fattigfolket som gjorde seg til tjuvar for å stogge svolten i ei smal tid.

Lom heimbygdslag vart etablert i 1925 for å kjøpe ei samling på 355 gjenstandar frå Olav Aukrust. Til å begynne med hadde dei utstillingar i prestegarden, til stemneplassen Presthaugen vart teken i bruk som museumsområde. I 2003 vart Musea i Nord-Gudbrandsdalen etablert, som fusjonerte til regionmuseet Gudbrandsdalsmusea AS i 2008. Presthaugen ligg rett bak Norsk fjellsenter. 

Frå onsdag til laurdag i juli månad blir det program med bakst og husflid, foredrag og konsertar. Laurdag 21. juni blir det samling av dyr og folk på Presthaugen i Lom.

Meir informasjon kjem etter kvart!

Velkomen innom!

Arrangement i Gudbrandsdalsmusea

Opningstider og anna

SOMMAR
Lom bygdemuseum Presthaugen er ope heile året.

INNGANG
Gratis

UTLEIGE
Du kan leige nokre av dei eldre husa på museet til selskap og andre samkome. Ta kontakt med museet for meir informasjon. 

TILKOMST
Presthaugen – Lom bygdemuseum, Brubakken 12, 2686 Lom. Museet ligg rett bak Norsk fjellsenter.

 

Utstillingar i Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2