Hopp til hovudinnhald

Magasin

Kulturhistoriske gjenstandar frå heile Gudbrandsdalen finn du i magasin i Vågå, Lesja, Sel og Kvam.

Ein bibel frå 1680. Handverk av endå eldre dato. Klede frå tre århundre. Arkiv frå heile Ottadalen og Sel. I magasina finst forteljingane om levd liv, om einskildmenneske og bygdesamfunn, om klasseskilje og sosial status, om lokale tradisjonar og impulsar frå verda. 

«Å sikre kulturarven er eit viktig bidrag for kvar einskild, slik det er òg med på å sikre minnet og forteljingane om Noreg som nasjon», skriv avdelingsleiar i Gudbrandsdalsmusea Knut Aastad Bråten i ein tekst i Nationen.

Magasina i Vågå, Lesja, Sel og Kvam rommar store deler av samlinga til Gudbrandsdalsmusea, i tillegg til gjenstandar frå Norsk fjellsenter og fleire lag og foreiningar. Ei samling på nasjonalt nivå – i moderne lokal med god og forsvarleg lagring.

Driv du forsking eller studie på kulturhistorie er du velkomen til å ta kontakt for omvising og djupdykk i magasinet. Her er kjelder for vidare arbeid. Vi er trygge på at du kjem begeistra ut att.

  • Gjendstander Slede
    1/1

Gjenstandssamling i Vågå og Sel

Edvard Storms veg 26, 2680 Vågå.

Tysdag 11.00–18.00, og etter avtale.

Gjenstandssamling i Lesja

Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja.

Alle dagar 11.00–16.00, og etter avtale.

Gjenstandssamling i Kvam

Linvegen 18, 2642 Kvam.

Etter avtale.

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2