Fron historielag inviterer no til vandring i gamalt kulturlandskap i Ryssland i Sør-Fron. Undervegs blir det prat om gardar og plassar, slekt og dagens bruk. Programmet for dagen ser slik ut:
Når: Laurdag 24. mai
Møtestad: Parkeringa på Rudi Gard kl. 12.00
Mat og drikke: Ta med det du vil drikke og spise undervegs
Spørsmål: Pål Kjorstad / 990 34 406 / pkjorstad@outlook.com
Pål Kjorstad følgjer deltakarane rundt om i Ryssland, frå Rudi, via Tåkåstad, Kjorstad, Grytting, Rolstad og attende til Rudi. Dei som ikkje vil gå kan følgja ruta med bil, men frå Kjorstad vil ruta gå utanom bilveg.
Undervegs blir det fortalt om ymse tema kring og rundt dei gamle gardane i Ryssland og vi syner fram alle utanom Heggerud og Solbrå. Tema kan vera så mangt som oppdeling, deling av innmark, rettar i utmark, eigarforhold i gamal tid, slekt, ferdselsårer, kulturminne og dagens bruk. Det blir stopp ved Rudi, ved Bakstad, ved Sygard Tåkåstad, ved Nordgard Tåkåstad, ova Kjorstadgardane, ved Kjempehaugen/Lauvåa, ved Sygard Grytting, ova Rolstadgardane, ved Kleberhaugen og ved andre ønskje/spørsmål frå deltakarane.
Sjølve gangturen tek omlag 70 minutt, då er stoppa ikkje rekna med. Turen blir avslutta innan kl. 15.00, men alle skal få seia sitt.
Vedlagt bilete er utsyn frå hovudstoppen i markvandringa ved Nordgard Tåkåstad utover Ryssland med Rolstad og Gryttingsgardane under og med Skodalsgrenda i bakgrunnen.
Arrangør: Fron historielag
- 1/4
Pål Kjorstad - 2/4
Knut Aastad Bråten - 3/4
Knut Aastad Bråten - 4/4
Knut Aastad Bråten