Programmet for dagane ser slik ut:
Torsdag 17. juli / Lesja sjukeheim
Når: Klokka 11.00 og 14.00.
Kva: Hjulparade og familiekonsert.
Fredag 18. juli / Nedre Reindøl
Når: Klokka 11.00 til 14.00.
Kva: Seterdag. Kaffe og biteti, samt nærkontakt med dyra.
Laurdag 19. juli / Chamoristallen
Når: Klokka 12.00 til 14.00 og 16.00 til 18.00.
Kva: Barneriding for blanda aldersgrupper med både store og små hestar.
Ein halvtime for 350 kroner. Berre VIPPS eller kontant. Påmelding på telefon: 917 93 099.
Sundag 20. juli / Lesja kyrkje
Når: Klokka 19.00.
Kva: Cash in Church – konsert med bandet Get Rhythm. Billettar kan du kjøpe her
Etterpålag frå klokka 20.00 på Kafe’n med loddsal, øl, vin og god stemning. Spekemattallerken førehandsbestillar du på telefon: 905 95 691. Etterpålag har aldersgrense 18 år.
Tysdag 22. juli / Markvandring på Slådalen
Når: Klokka 12.00. Oppmøte langs Slådalsvegen ca. 7 km forbi Bøsetre.
Kva: Historisk vandring i det best bevarte reinfangstanlegget i verda – med Rolf Sørumgård.
Onsdag 23. juli / Friluftsmatch
Når: Tidspunkt kjem.
Kor: Lesja sentrum-området. Meir informasjon kommer.
Kva: Konkurranseløype med postar om friluftsliv. Klarar laget ditt å kome seg gjennom løypa raskast mogleg? Test dykk sjølve i både styrke, balanse, samarbeid, presisjon, teoretisk og praktisk kunnskap!
Torsdag 24. juli / Poesti!
Når: Klokka 18.00.
Kva: Bli med på ei vandring med tema om natur og overtru. Undervegs på turen blir det framføring av dikt av både lokale og nasjonale diktarar. Ta med eigen kopp! Servering av kaffi og biteti.
Vi går ruta Steinevegen – Øverlia – Fjosfuru – Hågåhuken.
Laurdag 26. juli / Lesja bygdemuseum
Når: Klokka 11.00.
Kva: Marknadsdag på Lesja bygdemuseum. Det blir salsbodar, mjølkespannhalding, jurklutkasting, fotokonkurranse, servering av mat, hesteskokasting, foredrag, loddtrekning og mykje, mykje meir.
Tysdag 29. juli / Lesja bygdemuseum
Når: Klokka 19.00.
Kva: Olsokfeiring på Lesja bygdemuseum.
Oppdateringar og endringar kan komme.
- 1/1
Silje Grande Paulsen