Hopp til hovudinnhald

Markering | Vasspreiing og 100-årsfest

Lom Heimbygdslag og Lom Bygdemuseum feirar 100 år i år!

NB! Arrangementet har funne stad
Presthaugen Lom bygdemuseum
Fv55 124, 2686 Fossbergom, Norge
05. okt. 2025
12.00

Du blir med dette invitert til jubileumsmarkering med vasspreiarens dag i Presthaugen sundag 5. oktober klokka 12.00 til 15.00. 

Det blir mønstring av lokale vasspreiarar, mat og musikk. Ottar Nyøygard vil fortelja om ulike spreiarar. Har du ein spreiar gjort av ein lokal makar? Meld han på og ta han med!

Påmelding av spreiarar til Nils Erik Sletten / 480 43 565 eller Ole Magnar Hoft / 907 58 558.

Velkommen!

Arrangør: Lom Heimbygdslag og Lom Bygdemuseum

  • Vasspreiar
    1/1
    Gudbrandsdalsmusea