Oppmøte på Rollstulen, i krysset ved Goppollvegen og Utpåstøvegen (parkeringsplassen). John Borgenesset tek oss med på Rollstulen. Runda er på ikring 3,5 km.
Det blir sidan stopp på setra til Runar Stenumgard, Sandbusetra. Her vil Runar vise oss bilete frå setra. Dei som ikkje har anledning til å bli med vidare på turen, kan slappe av på stølen til Runar.
Etter markvandringa, ikring klokka 14.00, dreg vi innover til Fåvangfjellet sportskapell. Der blir det filmframsyning frå kapellets 50-årsjubileum. Åge Knuts og Sveinung Amrud demonstrerer brenning av einebærolje. Etterpå blir det rummegraut.
Påmelding: Bindande påmelding til mat og film/foredrag: post@ringebu-historielag.no / 975 43 113 eller 900 76 296
Påmeldingsfrist: 17. august
Pris: Gratis, men du må betale for både bomavgift og graut (250 kr per pers. Vipps eller kontant)
Vel møtt!
Arrangør: Ringebu Historielag