Oppmøte er på Brandstadhaugen / Skotten seter klokka 11.00. Det er bomveg med betaling både ved innreise og utreise.
Gudveig Hjelle vil vere den som gaidar og fortel. Dei som ikkje kan følge med på vandringa kan få ei orientering av Torbjørn Kaus, som har seter like ved.
Etter markvandringa kjøper vi lunsj (karbonadesmørbrød) på Skotten seter.
Påmeldingsfrist er 27. august. Påmelding til post@ringebu-historielag.no / 415 53 907.
Markvandringa er gratis, men deltakarane må sjølve betale bomavgift og servering.
Markvandringa er for alle som vil vere med. Vi håpar på fint ver og godt humør.
Vel møtt!
Arrangør: Ringebu Historielag