Hopp til hovudinnhald

Konsert | Martine Haugen

Martine Haugen bur på Dombås og er artist, låtskrivar og vokalist innan country- og americana-sjangeren.

Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
26. sep. 2026
18.00
Kjøp billett

Martine fekk stor merksemd allereie som 14-åring, da ho portretterte June Carter i eit Johnny Cash-tributeband på turné Norge rundt. Martine har gjeve ut album med bandet Gone North, og eige originalt låtmateriale (Another Place in the Sun) – som vart nominert til «Årets nykommar» under Fjordingprisen.

I haust turnerer Martine med sitt fyrste soloalbum. Albumet vil vere eit møte mellom tradisjonell country og moderne americana, og er prega av Haugen sin varme vokal og sterke låtskrivarhandverk.

Velkomne til ein triveleg haustkveld i Jutulheimen.

Pris | 395 kr
Stad | Jutulheimen, Vågå

  • Martine Haugen
    1/1
    Terje Johansen / Metaworks